Kyrre!
- Å, kjære, kjære Kyrre Nakkim! Du er redaktør for magasin og debatt i NRK. Eg veit ikkje heilt kva det vil seie i praksis, men eg veit at det er du som avgjorde at Raudt ikkje fekk vere med i den siste partileiardebatten før valet. Og no, Kyrre, no gler eg meg fælt til å høyre deg innrømme at du tok skikkeleg feil. For kva er det no som har skjedd? Jo, høgresida ser ut til å tape makta i ei rekkje storbyar. I kommunar som Tromsø og Oslo blir Raudt truleg ein del av samarbeidskonstellasjonen på venstresida – i ei eller anna form. Dermed vil hundretusenvis av nordmenn plutseleg bu i kommunar der Raudt har ei hand på rattet (eventuelt på bremsepedalen) utan at landets rikskringkastar fann det for godt å fritte dei ut om kva dei står for.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn