Hans Petter Graver
Dommernes krig – Den tyske okkupasjonen 1940–1945 og den norske rettsstaten
Sakprosa
Pax Forlag 2015, 284 sider
Dommaranes sjølvstende og rolle som vaktarar av rettsstaten er, dessverre, stadig under press rundt om i verda. Viktor Orbáns Ungarn er eit aktuelt døme frå dagens Europa. Tidlegare i år gav Graver ut boka «Judges Against Justice» (Springer Verlag 2015), der han ser på korleis autoritære regime i ulike land har brukt retten som undertrykkingsinstrument. Konklusjonen er nedslåande: Dommarar stiller sjeldan spørsmål ved legaliteten til autoritære reglar, sjølv om dei bryt med grunnleggjande rettsstatsprinsipp. I «Dommernes krig» fortel Graver om eit liknande rettsstatleg samanbrot for norske og tyske dommarar under den tyske okkupasjonen frå 1940 til 1945.