But is it art?
Kunstig: Audun Mortensens thriller om ei karikert kunstverd, utfordrar våre forventningar til eit verk. Det spørst om det er nok.

Audun Mortensen
Samleren
Roman
Flamme Forlag, 200 sider
Av og til er eg tilbøyeleg til å tru at kunst ikkje gjer seg så godt som litteratur. Eller rettare sagt, at kunstverda, med alle sine lett parodierbare arketypar, tendensar til forfengelegheit og ekskluderingsmekanismar, i seg sjølv er vanskeleg å omsetja til noko anna enn ein parodi. Freistnaden til å overdriva, overironisera eller servera lesaren i overkant forståsegpåande «avsløringar» kan rett og slett synast for store. Det finst sjølvsagt unntak, men når sjølv ein gjennomført kunnskapsrik forfattar som Siri Hustvedt står i fare for å gå i fella (i si skildring av den newyorkske kunstscena i «Denne flammende verden»), verkar det trygt å seie at problemstillinga er reell.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent