I august vaknar det litterære København frå feriesøvnen sin med ei rekke nye utgivingar og tilhøyrande resepsjon. Her finn vi blant anna Ida Holmegaards debut «Emma Emma», ein kort roman om ein varm sommar, med distré grenser mellom venskap og kjærleik, som i siste nummer av Weekendavisen får hard medfart av den same Mette Høeg som i mai skreiv innlegget «Dansk litteratur lid under kvinnelege forfattarars dominans» i same avis. Innlegget sette den gongen i gang ein oppheita og fleirstemt debatt og meta-debatt – som også har funne vegen til denne spalta – men omtalane av romanen «Emma Emma» gjer det igjen tydeleg kvifor kampen mot ein påstått kvinneleg overmakt i litteraturen er trist både for debatten og for bøkene: Den reduserer lesinga av skjønnlitterære verk til spørsmål om avsendarens gyldigheit og innhaldets relevans.