BLÆS I FLØYTA: Ap-leiar Jonas Gahr Støre avviser bruk av tvang og gjev dei borgarlege partia skulda for at kommunereforma er i ferd med å spore av.
Ordbruken rundt kommunereforma har dei siste dagane hardna kraftig. Høgre har i Dagsnytt atten omtalt Aps manøvrering som «merkeleg», «skuffande» og «rar», medan Trine Skei Grande i Dagens Næringsliv kallar Aps oppførsel «provoserande». Dei meiner Ap eigentleg ønskjer seg kommunereform, men argumenterer mot reforma for å vinne røyster i lokalvalet.