- Få politiske saker skaper så sterke kjensler som rovdyrstriden. På den eine sida har vi også denne sommaren høyrt skrekkhistoriene frå norske bønder om herjingane til rovdyr i saueflokkane. Sist helg vart 31 av dei 34 sauane til familien Buer i Ytre Enebakk i Akershus tatt av ulven. Rovdyra truar kvardagen og livsgrunnlaget til dei og mange andre i norske bygder. På den andre sida har vi fått fleire og meir høgrøysta rovdyrforsvararar, som vil ha langt fleire ulvar og andre rovdyr. Folket er splitta i synet på rovdyra, viser ei meiningsmåling i Nationen. 35 prosent svarar at dei vil ha uendra vern, 20 prosent vil ha mindre, mens 34 prosent vil styrke vernet av rovdyra. Dei seinare åra har det vorte fleire tilhengarar av vern. Grunnen er nok at stadig færre har tilknyting til landbruk og utnytting av naturressursar, slik forskaren Ketil Skogen seier til Nationen.
Rovdyrtap
Leder