Tomtefeste, sett frå ei utkantbygd
No blir tomtefeste diskutert i Klassekampen. Dei fleste festeavtalane for hytter vart inngått dei første tiåra etter krigen, den tid hytter flest var små, ofte utan bilveg, utan straum og med utedo og vatn i bytte frå næraste bekk. Årleg festeavgift kunne vere ein tresifra kronesum, og ofte var avtalane tidsavgrensa til 40 eller 50 år. No er vanleg hyttestandard ein heilt annan. Mange hytter er større og finare enn dei fleste bustadhus. Men somme festarar betaler framleis det som vart avtala i 1960, kanskje regulert etter endra kroneverdi, men ikkje oppjustert i tråd med standardheving og tomteprisar elles.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn