Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsking

  • Som alle veit, har vi sendt våre beste kvinner og menn til Stortinget for å styre land og folk etter beste evne. Det kan det kome mykje rart ut av. Ein slags trend som ser ut til å breie seg i det politiske miljøet, er viljen til å berre tru på forsking når det passar ein sjølv. Om alle norske politikarar skulle gått under felles banner i eit tog, vil eg tru at parolen «Ja, politikken vår er kunnskapsbasert» ville vere noko dei fleste kunne semjast om. Berre så synd at det ikkje er sant.