Denne veka, på dødsdagen, vart dei to motstandsmennene heidra med ein minneseremoni ved minnestøtta som er reist der dei let livet. Minst 300 personar var til stades. Dei fleste gjekk på ski. Mellom desse var 60 britiske soldatar og befal som er på vinterøving på Hardangervidda. Dei gjekk alle på ski. NRK-serien om tungtvassaksjonane har utan tvil verka mobiliserande. Her deltok også sønene til Leif Tronstad og Gunnar Syverstad, Leif Tronstad jr. og Torgeir Syverstad. Tronstad heldt appell og las frå dagboka faren skreiv under krigen.