JIHAD: Krigen i Aust-Ukraina har trekt til seg medlemmar av Den islamske staten (IS) som vil kjempe for eit fritt Kaukasus, som ein del av global jihad.
Krigen mellom prorussiske separatistar og ukrainske regjeringsstyrkar, som har gått føre seg aust i Ukraina sidan april i fjor, har trekt til seg mange frivillige soldatar og bataljonar som opererer uavhengig av Kievs eller av separatistanes kommando.