Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nok for KrF

  • «No er det nok! No må du roe deg ned, Per Sandberg!» sa ein bestemt Knut Arild Hareide i Dagsnytt 18 torsdag. Det kjensleladde utbrotet kom i debatten der Frp-nestleiar Per Sandberg skulle beklage til KrF-leiaren, etter at Sandberg hadde komme med skarpe angrep på norsk innvandringspolitikk og KrF. Konflikten starta da Per Sandberg i Klassekampen torsdag tok eit generaloppgjer med islam og norsk innvandringspolitikken, og hevda at det fargerike fellesskapet «har spelt fallitt». Striden spissa seg til da Sandberg i intervju med NRK gav KrF ansvaret for framandkrigarar og massakrar på kvinner og barn. Dette siste beklaga Sandberg eit stykke på veg i Dagsnytt 18. Men det vart inga forsoning, særleg fordi Frp-nestleiaren står fast på oppgjeret med innvandringspolitikken.