Den vanskelege politiske skulda
Jon Hellesnes skriv tysdag 10. februar om «Kollektiv skuld». Fram frå historias mørker hentar han Karl Jaspers’ ennå aktuelle typologi over skuld. Dilemma omkring politisk skuld er like gamle som demokratiet sjølv, men er vorte aktualisert med framvoksteren av det representative demokratiet: I kva grad er folket ansvarleg for handlingane til politikarane dei røystar på? På den andre sida av mynten: I kva grad står folkevalde fritt til å handla i tråd med eiga overtyding? Edmund Bruke stilte dette spørsmålet og svarte at den einskilde må få følgja sitt samvit. Samstundes har politikarane ein kontrakt med veljarane, og vert han broten, må ein politikar stillast til ansvar. Politikarar skal heftast med politisk ansvar, ikkje politisk skuld.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn