Ved innleiing til jubileumsåret 2015 har NRKs serie «Kampen om tungtvannet» samla folket rundt tv-skjermane på ein måte vi sjeldan har sett etter frisleppet i eteren. Historia er vel kjent, vi veit korleis det går. Likevel har dramaet same appell som då den første filmen kom alt i 1948.
Etter to generasjonar får krigssabotasjen sin plass i historia.