Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svaret på denne vitsen fekk lingvistikaren Thomas Veatch til å skratte så mykje at han begynte å forske på humor.

Kvifor datt apa ned frå treet?

Kjensler er komplekse, og det er truleg samansette grunnar til at du kjenner deg akkurat slik du gjer i dag. Men isolerte kjensler kan i seg sjølv forklarast ut frå enkle prinsipp. Du kjenner sinne når det skjer noko dårleg med deg som du kan skulde andre for. I motsett tilfelle, når du sjølv er skuld i at det går dårleg for andre, får du dårleg samvit.