Småbyen blir kvitare

Ja, Småbyen blir kvitare. Nei, vi seier ikkje nei til asylsøkarar eller innvandrarar frå Eritrea eller Somalia i Småbyen. Vi tek vår del og lever godt med det. Det sit fire-fem Frp-arar i kommunestyret, men dei seier aldri noko, ikkje om dette heller. Men det blir fleire og fleire kvite hus i Småbyen. Som oftast er det trist. Av og til er det tragisk.