Ein draum i arv

Det var no i sumar at tvo av dei hine spælsaubøndene her i grendi, det var han Albert og han Kåre, at dei ein solblank sundag kom på at dei vilde beda med seg kjæringane sine på ein fjelltur upp på Smylifjell 1220 meter over havet, og der ein ser over mest heile verdi. Det bar i veg med mat og kaffi.