Medioker som Atlas
Eg skal ikkje påstå at eg har noko å seie. Til det er eg for ung, og for å vere heilt ærleg, medioker. Det gjer ondt å sjå denne sanninga i kvitauget, men eg må berre gjere det. Eg må innrøyme for meg sjølv at eg faktisk er midt på treet i alt eg gjer. Som alle andre har eg alltid trudd at eg var noko spesielt, at eg hadde eit slags talent, for eitt eller anna, kva som helst, berre eg får modna nok. Men ettersom tida har laupt av garde, har eg litt etter litt drege frå glaset og sett inn i det levande myrkret, inn i innsikta som heile tida har ulma under overflata, frå der stumme skrik desperat har forsøkt å late meg få vite at, ja, kva då? Det er nett det.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent