Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politisk autoritet skal utleiast frå folket. Det var dette Norge slo fast for 200 år sidan.

Folkesuvereniteten

Kva var det store i 1814? Folkesuvereniteten. Slik svarte professor Halvdan Koht på sitt eige spørsmål ved hundreårsjubileet for 1814. Han meinte at den gjekk gjennom heile året frå stormannsmøtet på Eidsvoll 16–17. februar gjennom Riksforsamlinga i mai med grunnlovsvedtak, og etterfølgjande val av Christian Frederik som norsk konge. Og vidare gjennom det ekstraordinære Stortinget om hausten der unionen med Sverige blei inngått ved at Stortinget heldt på suvereniteten og sjølv endra grunnlova før det valde den svenske Karl 13. til norsk konge.