Hagedagdraumar
Korleis står det til med hagestellet blant våre folkevalde?
I desse lyse maidagane er det lett å følgje Voltaire sitt råd om å dyrke sin hage. Han meinte det sjølvsagt i vid forstand, men iblant er det fint å ta slike oppmodingar heilt bokstaveleg. Når ein balar med jord, frø og plantar, går tankane sine eigne vegar. Der eg står med hovudet ned og rumpa opp, er eg ganske nær det dei kallar for «mindfulness». Frå denne posisjonen lurer eg på kvifor ikkje norske politikarar viser fram hagane sine. Kanskje dei ikkje har tid til å halde på med hagebruk? Den einaste politikaren eg kan komme på som har tatt imot journalistar i hagen sin, er Per Borten, som klipte plenen i berre underbuksa og sidan er blitt hugsa for det.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn