Søndagsskole i Ap
Trond Giske hevdar at Ap ikkje har vore så samla på tretti år.
Da Jens Stoltenberg vart leiar i 2002 var Ap prega av slagsmål. Leiarstriden mellom Jagland og Stoltenberg hadde vore ein årelang knokkelkamp, fløyene brukte musklane på intern politisk strid, Ap-regjeringa hadde fått LO på nakken og veljarane hadde vendt partiet ryggen. Vondt hadde vorte verre da Stoltenberg vart statsminister i 2000: Oppslutninga rasa, dei interne stridane rasa og LO var rasande etter privatisering og tukling med sjukelønnsordninga. Året etter valet var Ap nede på 14 prosent på målingane, det var bitter nestleiarstrid og grunnleggande usemje om vegen vidare.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent