Når eg kjem heim varm og sveitt etter ein lang løpetur, er eg vennleg stemt og oppfylt av eit indre lys. Men dessverre gjekk det altfor lenge før eg kom i gang med målmedviten fysisk fostring. Frå tidleg ungdom var eg ført vill av eit helsevesen og eit utdanningssystem som selde sjela si for å dempa livsutfaldinga til jentene. Derfor gav eg opp for den minste motgang og slo meg til ro med at springing ikkje var naturleg for vaksne kvinner.
Som sekstifireåring spring ein like godt som då ein var nitten.