Tidleg på 2000-talet var sterke krefter i sving for å nedleggje partiorganisasjonane. Som Klassekampen viste rett før jul, peikar pila i dag ein annan veg for mange parti: I 2006 hadde Høgre 23600 medlemer. I fjor talde medlemsmassen 32100 sjeler. Venstre er eit anna parti som gjorde eit godt val i haust. Dei har hatt medlemsvekst ti år på rad. Suksesshistoria i den norske partibuketten er Frp. På dei 18 åra frå 1993 til 2011 gjekk partiet frå 4400 til 22300 medlemer. Det er berre å gratulere.