Husmora som forsvann

Som ein slags halvoffisiell byantikvar her i Småbyen gjer eg av og til små dykk ned i kommunens arkiv. Det hendar at eg dukkar opp att med noko av interesse ut over Småbyens grenser. I forhistoria til bydelen Gulbergaunet, Småbyens sentrale skole- og idrettsområde, fann eg noko. Denne forhistoria bynner i 1925. Da blir det lagt planar om ein gravlund, ein hageby og ein skole på den halvøya med jordbruksland som altså heiter Guldbergaunet. Etter krigen blir det idrett og camping i staden for gravlund, og etter kvart eit gymnas. Men det dramaturgiske vendepunktet i denne fortellinga kjem på slutten av 1960-talet, godt førebudd av den fylkekommunale skolenemnda. Dette skriv dei til fylkestinget i 1969: «Husmorskolene i fylket tar årlig opp 25–30 % av årgangstallet for jenter. Når en tenker på at hjemmet i framtiden vil bli den sentrale arbeidsplass for de fleste unge jenter, synes denne prosentsatsen å være lav. En arbeidsgruppe i departementet har kommet fram til at 40 % av årgangskullet for jenter bør få adgang til husmorskolekurs pr år. Dette er en målsetting som skolenemnda vil akseptere.» Dermed er premissane klare for «komiteen for utbygging av de videregående skoler i Småbyen» nedsett av det same fylkestinget.