Veranda terrasse balkong eller altan

Ho var så veldig urolig, finanseksperten som uttalte seg i radioen og meinte det no måtte kraftige tiltak til for at «de unge skal kunne komme seg inn på boligmarkedet». Javel, ja. Det viktige er altså ikkje at dei unge skal få seg ein bustad, men at dei skal inn på bustadmarknaden. Der inne der ein bustad er noko du kjøper for å selje med profitt for å kjøpe dyrare for å selje med enno meir profitt. Det er vel det det må bety.