Slipesteinen

Alt dette er burte no. Det er fleire titals år sidan Raunehaug-gjentone døydde, og Raunehaugen er fråflutt. Men når eg kvar sumar i ungdomen var nokre dagar hjå dei ugifte tilårskomne gjentone i slåtten, då var alt ved det gamle, reint ut sagt, for i eitt og alt synte dei til far sin, kva han vilde meint og gjort. Det var som dei hadde stana ein arm av tidsåi. Difor var det stilt og snuggent millom husi i Raunehaugen, ingen traktor, berre gongevegar gjenom graset, ingen nye hus, berre hus etter gamalt for kvart dyreslag. Men ikkje noko til nedfalls. Kryteri sat den eine gjenta på stølen med.