Utanlandske språkfolk har ofte peika på den unike posisjonen til norsk folkemål som ein nøkkel til å forstå den egalitære styrken i den norske politiske modellen. Munnleg kan kvar og ein av oss ytra seg med kvar vårt nebb, utan at talemålet straks diskvalifiserer innhaldet i det talaren vil ha fram. Sjølv om vi har like mange lokale dialektar i munnen som franskmannen har lokale ostar, forstår alle kvarandre for det, med dei særdraga som gjer at vi veit meir om kor vi kjem frå, og kva slags føresetnader vi talar ut frå. For eit fullt utvikla folkestyre er dette eit umisteleg gode.
Djupt inne i ein fjordbotn på austlandet utformar riksavisene den totale språklege einsretting, skriv Kjartan Fløgstad.