Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ostetull

Dagens Leder

* Nordmenn er glade i ost, og det siste året har vi sett at meieriprodukta kan skape både fyldig engasjement og pikante konfliktar. Da den raudgrøne regjeringa innførte toll på import av ost skapte det eit rabalder som enno varer. Motstandarane hevda at det ville bli bygd ein tollmur som ville stoppe import av utanlandsk kvalitetsost. Denne veka kom det ei nyheit som burde få stor merksemd: Importen av ost har ikkje gått ned, men tvert om auka med 1,5 prosent etter at ostetollen vart innført. Sett i lys av den verbale ostekrigen som vart utløyst av ostetollen, er det underleg at saka knapt har vore registrert i andre medium enn Dagbladet, som brakte nyheita.