Du kan bla til neste sideBla med piltastene

EØS og ILO

Leder

* Kva veg tyngst når offentlege arbeidsgivarar i Noreg skal gjera avtalar om innkjøp i millionklassen - internasjonale konvensjonar som skal sikra lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette, eller EØS-avtalen som skal sikra fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester? Noreg har forplikta seg til å følgja ILO-konvensjonar om rett til fagorganisering og arbeidsvilår i tråd med gjeldande tariffavtalar. For den som måtte vera i tvil: ILO er FN sin arbeidsganisasjon som skal verna om faglege rettar. Atea AS, leiande leverandør av IT-infrastruktur i Norden og Baltikum, leverer IT-tenester til ei rekkje norske kommunar og fylkeskommunar, men nektar å inngå tariffavtalar for dei tilsette. Forhandlingar har ikkje ført fram. Det finn EL & IT Forbundet seg ikkje i. Frå 29. april går 100 EL & IT-medlemmer til streik for kravet om tariffavtale. Om det trengst, kan opp til 3000 medlemmer bli tatt ut i sympatistreik på eit seinare tidspunkt.