Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kryp ikkje

* «Giske må krype for Stortinget», skriv Dagens Næringsliv håpefullt før næringsminister Trond Giskes utgreiing i Stortinget i dag, om basketaket med Telenor etter TV 2-salet. Opposisjonen er «på krigsstien». Høgres Jan Tore Sanner gjer sitt beste for å barske seg, som vanleg utan å skremme nokon. Kommentariatet har også denne gongen demonstrert sin flokkmentalitet ved å dømme Giske nord og ned, på grunnlag av overflatefenomen som den planta rykteflommen frå Lorry og flisespikking om sms-formuleringar. Samstundes har Giske støtte frå folket i motstanden mot TV 2-salet, frå regjeringspartnarane Sp og SV, og frå tunge miljø i Ap og fagrørsla. Han har ingen grunn til å krype for høgresida, og kjenner vi Giske rett, kjem han ikkje til å gjera det.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen