Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oljeopprør

Dagens leder

* Noko er rote på norsk sokkel. Skal vi tru dei tilsette, og det kan det vere gode grunner til å gjere, er Statoil ikkje så verdsleiande på sikkerheit som Powerpoint-presentasjonane frå leiinga skal ha oss til å tru. Fredag trakk konserntillitsvald Bjørn Asle Teige seg frå omstillingsprosjektet «Statoil 2011». Dette er ei kraftig mistillitserklæring frå dei 2800 Safe-organiserte Teige representerer: Til Dagbladet sa han at «De har ikke lenger tro på Helge Lund som konsernsjef i selskapet. Etter vår mening har han foretatt flere dårligere valg, noe som blant annet setter sikkerheten på industrianleggene til havs i stor fare»