Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ut av guteklubben

I laurdagens Klassekampen hevda Iver B. Neumann at ingen einskildperson har gjort større skade på den akademiske samtalen enn Knut Olav Åmås, fordi han i si redaktørtid førte Samtiden ut av det intellektuelle, og inn i det journalistiske feltet. Åmås meiner derimot at tidsskriftet heldt fram med å vere fyrst og fremst intellektuelt og kunnskapsbasert, men at han ynskte å gjere tidsskriftet politisk viktigare: – Mitt mål som Samtiden-redaktør var å gjere tidsskriftet relevant for fleire enn nokre få spesielt interesserte. Det er nok det stikk motsette av å lage eit «guteklubbstidsskrift», som Neumann kallar sitt ideal og sin kanal, Nytt Norsk Tidsskrift. Motsett Neumann ser eg det heller ikkje slik at «intellektuell debatt» berre er den som universitetsfolk fører seg imellom. Tvert imot, seier Åmås. – Mange av Noregs skarpaste intellektuelle finst heilt andre stader. Stein Lillevolden har ofte betre analysar av Noreg enn sosiologiprofessorar. Vegen til betre offentlegheiter går ikkje gjennom Neumanns ynske om å kommunisere innad i guteklubbar. Det er ein invitasjon til kulturelt sjølvmord. Åmås viser dessutan til at universitetstilsette var overrepresenterte i Samtiden i hans redaktørtid: – Universitets- og høgskuleforskarar har vore den viktigaste gruppa av skribentar i Samtiden i mine fem år. Neumanns påstandar er disrespektfulle overfor alle dei kollegaene hans som har skrive fagleg botnsolide artiklar utan å få eit einaste publiseringspoeng, slik ein får i fagtidsskrifta. Her kunne eg liste opp hundre namn. Det er skuffande at Neumann støttar det absurde teljekantsystemet. Det undergrev ålmenntidsskrifta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen