Allmennkringkasting for fall?

I går lanserte NRK underhaldningskanalen NRK3, med tung vekt på innkjøpt amerikansk stoff og med aldersgruppa 15 til 40 år som erklært målgruppe. Førebels kan omlag 800.000 sjåarar med parabolantenne eller digitalt mottak ta inn kanalen.Same dag blei profilen på NRK2 endra, til ein meir reinskoren nyhendekanal med fem minutts nyhender kvar halve time heile dagen og utstrakt bruk av distriktskontoras reportasjar.Som om ikkje det var nok, lanserte TVNorge samstundes kanalen FEM, seld inn og «hypa» som ein nisjekanal for unge kvinner.Professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Jostein Gripsrud, er spent på korleis NRK1 vil utvikle seg, i konkurranse med dei nye kanalane:– Når NRK lagar ein kanal spesielt retta mot aldersgruppa 15 til 40 år, og om vi går ut frå at dei er gode på det dei driv med, så må det jo gjere noko med oppslutnaden om den hittil breiaste kanalen. Vi ser den same pluraliseringa av TV 2, og spørsmålet blir då kva dette vil gjere med dei hittil breiaste kanalane. Om desse blir marginaliserte lusekoftekanalar for utkantnoreg eller på anna vis endar opp med ein liten bit av det samla publikum, så blir spørsmålet korleis offentlegheita som heilskap utviklar seg av det. Det er eit ope spørsmål, seier Gripsrud.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen