*I går demonstrerte organisasjonen med det problematiske namnet «Med Israel for fred» mot det dei kallar skeiv mediedekking av Midtausten-konflikten og einsidig kritikk av Israel. Arrangementet hadde mellom anna brodd mot Dagbladets «anti-semittiske vinkling», på grunn av Finn Graffs omstridde karikaturteikning. Mest ytterleggåande var likevel parolen om at «Israels forsvarskrig er i tråd med folkeretten». Stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, parlamentarisk nestleiar i KrF og leiar for Israels Venner på Stortinget, heldt appell. Det er forstemmande at sentrale politikarar kan stille seg bak så forskrudde oppfatningar om kva folkeretten gir rom for.