Dagens leder.
*Vårteiknet er like sikkert som snøsmeltinga: Kvart bidige år gjer styre og toppleiarar i næringslivet sitt beste for å køyre lønsoppgjeret av sporet, med sin skamlause lønsfest. Medan NHO snakkar seg blå om sine haldningskampanjar for å bremse veksten i leiarlønningane, er lønsveksten for folk som tener fleire millionar i året villare enn nokon gong. Medan vanlege lønstakarar hadde ein lønsvekst på rundt fire prosent i fjor, auka lønningane til toppleiarane i store og mellomstore bedrifter med over 10 prosent. Skilnaden i kroner blir dimed astronomisk. Ti prosent av tre millionar er 300.000 kroner, medan fire prosent av ei vanleg årsløn på 300.000 er 12.000 kroner. Sia 1996 har LOs medlemer i gjennomsnitt auka sine løner med vel 50 prosent, medan sjefane i dei største bedriftene ifølgje VG har hatt lønsauke på meir enn 200 prosent.