Sikrar det gode liv
Alt var på plass da Åslaug Haga i går hadde invitert pressa til å møta topplaget av Sp-kvinner i regjeringsapparatet. Her var offensive damer i ulike aldrar og generasjonar, alle var høveleg pent kledde utan å vera stramt formelle, pene på håret og ved godt mot. Til og med ein lys levande nesten-treåring som åt bolle og drakk Pepsi. Vi skal ikkje tvila på at det faktisk var planleggingsdag i barnehagen til vesle Simen, sonen til statssekretær Guri Størvold. Men det var no eit heldig samantreff at han kunne vera med mor på jobb til akkurat denne presseseansen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn