Herlig animert morbiditet
Tim Burton's Corpse Bride (Storbritannia 2005)
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Den amerikanske regissøren med filmbransjens mest fantastiske hår, Jim Jarmusch, fekk fart på si karriere med restar av råfilm som Wim Wenders hadde til overs. Resultatet vart den særmerkte innvandrarfilmen «Stranger than Paradise» (1984), som også spreidde blueslegenda Screamin' Jay Hawkins til eit breiare publikum. Sidan har Jarmusch bygd opp ein trufast og entusiastisk tilhengjarskare via relativt smale prosjekt som til dømes improviserte samtalar mellom kult-kjendisar om gleda ved kaffi og sigarettar, samla i kortfilmane kalla nettopp «Coffee and Cigarettes» (også realisert som eit langfilmprosjekt i 2003), musikkdokumentaren «Year of the Horse» om Neil Young, og hiphop-samuraifilmen «Ghost Dog». Jarmusch har også produsert ein og annan kommersiell suksess. Ein av dei går på kino nett no: «Broken Flowers», der Bill Murray spelar ein fallert Don Juan konfrontert med gamle elskarinner i jakta på ein mogleg son.
Allerede abonnent? Logg inn