Solidaritet
I den universelle kampen om hegemoni står striden om innhaldet i begrepet solidaritet sentralt. Historisk sett er begrepet og heller nytt. Det finst til dømes ikkje hos Immanuel Kant – ein opplyst filosof for si tid kring Den franske revolusjonen (1789) – trass i at nettopp denne revolusjonen la viktige føringar for innhaldet i begrepet seinare. Revolusjonen hadde brorskap (fraternité) og likskap (egalité) i sin strategiske retorikk. Eit formalt begrep om likskap finn vi innebygd i Kant sin etikk (og før det hos liberalistane). Men eit begrep som uttrykkjer og styrkjer samhaldet mellom individa som ansvarleg kollektiv og slik avbalanserer førestellinga om det moralsk autonome subjektet opp mot den gitte sosiale, empiriske fellesskapen som individet er «situert» i, er heilt framand for Kant – og for all liberalisme seinare. Ein etisk refleksjon som let seg inspirere av Kant, men utan å gjere rekneskap for at det ikkje er plass til eit solidaritetsbegrep innafor ein kantiansk horisont, er dømt til å mislukkast i imperialismen, orsak, globaliseringa, si tid. I boka «Solidarity in Europe – the History of an Idea» går Steinar Stjernø gjennom den moderne historia til solidaritets-ideen i Europa. Og det er ei viktig historie som kunnskapsgrunnlag for den pågåande kampen om hegemoniet. Det dreiar seg ikkje lenger berre om ein etisk refleksjon, men om politisk kamp – altså maktkamp. Allereie i innleiinga gjer Stjernø eit viktig skilje mellom solidaritet som idé og solidaritet som fenomen. I det første tilfelle dreier det som om det ein kunne kalle solidaritet som retorikk til skilnad frå solidaritet som sosial og politisk praksis, som fellesskap og samhald i interesse og handling. Sidan ideen som retorisk fenomen inngår som moment i politisk eller sosial praksis, og dermed i kamp om makt, vil den idéhistoriske gjennomgangen av solidaritetsbegrepet automatisk bli politisk relevant. Den kan umulig heve seg over denne kampen, men er alt ein del av den same kor akademisk den blir presentert på Cambridge University Press 2005. Det er såleis ein fordel for framstillinga at forfattaren har rikeleg med politisk erfaring, mellom anna som partisekretær i SV på det turbulente 70-talet. For utan røynsle frå politisk praksis vil idéhistoriske og filosofiske framstillingar ha ein tendens til å identifisere ideane med røyndomen, og det heile hamnar i den reine idealismen, der ein skal løyse problema gjennom filosofisk diskurs i Skjervheimseminar på Stalheim Hotell.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent