Gledeleg
I vakkert solskin og omkrinsa av ein kjempebanner med slagordet «En annen verden er mulig!» samla ifølgje arrangørane drygt 4000 menneske seg på Youngstorget laurdag, sameina kring eitt brennande ønske: Ein ny kurs i norsk politikk. Markeringa, arrangert av alliansen Oslo 2005, var tverrpolitisk og gav ikkje eksplisitt støtte til eit regjeringsskifte. Men dei offisielle hovudparolene, som spente frå krav om å få norske styrkar ut av Irak til forsvar av folketrygda og nei til privatisering, etterlèt ikkje tvil om kva retning ein ønskjer på den nye kursen: Ei eventuell raudgrøn regjering må klårt og tydeleg bryta med det nyliberale hegemoniet som har dominert fullstendig i den noverande regjeringa. Stoltenberg kan ikkje føra same politikk som sist; Halvorsen og Haga kan ikkje la partia sine bli basta og bundne til masta på ei Ap-skute dominert av «endringsvillige» teknokratar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent