Eg har dårleg tid. Gi meg ei sak, eit tema, så skal eg skaffe eit poeng, ei punchline, fort. Nynorsk, NSB, Valet. Eg skal pønske ut og pøse på med god argumentasjon, eg skal sjølvsagt finne argument til andre sida også. Men konklusjonen skal vere tindrande klår, rykande varm. TYDELEG. Svart på kvit. Som fjella i fjellet no, det byrja snø øvst i Jotunheimen nyleg. Og den fulle, kvite månen mot svarte natta. Eg spring av garde. Tikk, takk. Berre gi meg eit tema, for fanken. Eg spissar stemma og pennen og sit med avisene frå helga og les at Aftenposten er for ditt og Nicolai Frobenius mot datt og det er utruleg at politiet må rykke ut i taxi for ikkje å snakke om. Eg plingar på glaset og reiser meg og tordnar. Eg har dårleg tid. Eg vil vere sterk, ung, meiningstung. Eg kan vel framleis gå til åtak, når som helst. Vere utilrekneleg, som Aslak Nore i fjor sommar, som verda, som bomber som brått kan sprenge her og der og gjekk av ved eit tilfelle på Grorud førre veka. Tikk, takk. Eg snakkar i munnen på dei som diskuterer i radioen samtidig som eg skriv kvasse mailar, medan eg syklar sikksakk mellom det politisk korrekte og det som er sjølvsagt og moralisme og blabla kva var det eg sa? Denne petiten er absolutt siste sjanse. Dersom eg berre finn klisjear og ferdigtygde tankar gjeld det å finne ein annan måte å seie det på, ordvaske litt, har du litt meir zalo? Takk. Tikk, takk.