Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tim og Roald

Er Tim Burton mannen som kan yta rettferd til «Charlie og sjokoladefabrikken»?

Fyrste gong «Charlie og sjokoladefabrikken» vart filmatisert, av Mel Stuart i 1971, var boka enno svært omstridt, og forteljinga gjekk gjennom ein politisk korrekt «make over» før ho nådde kinopublikum. Ein ting var at valden og dei dårlege eigenskapane til barna provoserte mange vaksne, men det var umpa-lumpaene som verkelege skapte kontroversar. Roald Dahl vart skulda for rasisme.