Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Små og livsfarlege

Nanoindustrien seier dei kan gje oss god helse, miljø og tryggleik. Men dei ørsmå partiklane kan i seg sjølv utgjera ei helsefare.

I nokre år no har nanovitskapen lova oss ei revolusjonerande framtid. Så langt har nanoteknologien i fyrste rekkje kome vanlege folk til gode gjennom katalysatorar, solkrem og spesialtekstilar. Men utviklinga går særleg innan elektronikk, medisin og materialteknologi. Vona er at den nye teknologien skal koma med eit utal radikalt betra produkt, som er rimelege å masseprodusera i ein nær forureiningsfri industri.