Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Venstresida som problem

Det som i si tid var ei av sosialdemokratiets sterkaste saker, ja, kanskje den sterkaste, er no vorte den svakaste. Dersom Høgre vinn dette valet, er det fordi dei har vunne debatten om skulen. Kristin Clemet har vore regjeringas sterkaste kort, og det har ho vorte gjennom å ofre einskapsskulen og nasjonsbygginga. Det har ho sikkert gjort med lett hjarte, men spørsmålet vi som ikkje er Høgre-folk må stille oss, er dette: Hadde utdanningsministeren noko alternativ? Eg har ei fortid som lektor i skulen. Men bakgrunn i røynslene eg fekk der, har eg – med full støtte av kona som arbeider i ein internasjonalisert forskingssektor – valt privatskule for våre born. Vi har valt ein internasjonal skule i Oslo, det ville seie, vi valde fyrst den internasjonale barnehagen til skulen, så vel vi skulen. I desse dagar byrjar seksåringen i fyrste klasse, takka vere barnehagen er han no tospråkleg, det er også yngstejenta som snart er tre. Frå dag éin møter borna våre det vi kan skildre som ein tradisjonell norsk 1960-tals skule. Disiplinen er god, krava til rekning, lesing og skriving er høge, det meste går føre seg i klasseromsfelleskap. Som 15-åringar vil borna vere ferdige på skulen, og sidan krava er såpass høge som dei vil ha vore, kan dei byrja på andre året på den internasjonale linja på Berg vidaregåande skule. Då vil borna våre, dersom dei har synt seg å vere nokolunde skuleflinke, som 17-åringar ha ein internasjonal artium som gjer dei attraktive for eit godt utanlandsk universitet. Kva har så Høgres og Kristin Clemets skulepolitikk med dette å gjere? Ein god del, men mest i retorikken. Clemet seier ho vil skape ein skule som norske ungar kan gjere det godt i, som også middelklasse-ungar kan lære noko i, altså ein skule som vil gje norske born den lærdomen mine born får i den internasjonale skulen. Her ligg det ein fundamental skilnad i høvet til SV og store delar av Ap. Medan Clemet snakkar om kvalitet, snakkar Reikvam, Halvorsen og Orheim om norsk skule som ein undertrykkjande og vond stad å vere, dei snakkar om skadane som skulen påfører vare barnesjeler. Vi foreldre får derimot høyre svært lite om dei faglege krava venstresida vil stille til ungane, og ikkje minst lærarane. Før venstresida på ny byrjar å snakke slik som Aps fyrste skuleminister etter krigen Kåre Fostervoll gjorde – om skulen som ein stad der alle skal få sjansen til å lære noko, men òg som ein stad der vi må akseptere at ikkje alle er like skuleflinke – så vil venstresida tape skuledebatten i møte med alle andre enn dei som er ideologisk overtydde om at tradisjonell skule er eit overgrep. Er så Høgres skulepolitikk god? Ikkje frå ein prinsipiell ståstad. Skulane i Noreg burde vere mest mogleg like, alle burde ha gode lærarar med god utdanning, alle burde handheve ein streng disiplin og alle burde undervise i det same. Men slik er ikkje røyndomen i norsk skule etter at ein generasjon med progressive pedagogar og karrierebyråkratar har fått herje. Dei gode lærarane er få, disiplinen er svak og dermed vert like kunnskapskrav over heile landet nær umogleg. Det er dette Clemet har sett, og som god liberalist opnar ho difor for privatskular og utstrekt sjølvstyre hjå kvar einskild offentleg skule. Det felles normerande vert redusert til nasjonale prøver som gjev foreldra høve til å plukke ut dei gode skulane. For Clemet og Høgre er ikkje det noko stort problem, dei gjev informasjon ut i marknaden og konsumentane får velje. For oss andre er det eit problem, fordi vi veit at dette vil etterlate så altfor mange i kunnskapsløysa. Det er difor eg har dårleg samvit over å sende mine born til ein privatskule. Men – eg nektar å ofre deira beste på alteret til den progressive SV-skulen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen