Forlaget Kolon feirer tiårsjubileum i år, og legg opp til ni bokutgjevingar denne jubileumshausten.Jonny Halberg vart i fjor ferdig med romantrilogien sin, og startar på ny frisk i år med romanen «Tvillingen», om Adam Egeberg som vender attende til barndomsheimen etter nokre år som uheldig finansmann og finn mora si drepen. Og Klassekampens feminist-skribent Grethe Nestor har skrive romanen «Barbigenet», om Jill Hagens tapre forsøk på å redde eit havarert liv. Dessutan kjem dramatikar Cecilie Løveid med det enno ikkje oppførte teaterstykket, «Visning», eit kammerspel bygga opp rundt ein visning på ein bustad, i samtale mellom ein eigedomsmeklar, ei kvinne og hennar mentalt tilbakeståande son.