Mens me drakk kaffi
For tre år sidan var eg leiar i Ung Vänster (ungdomsorganisasjonen til det svenske Vänsterpartiet, red.) og skreiv ein artikkel til ei nettavis med overskrifta «Fascisme – mens du drakk kaffi». I dag grøssar eg når eg les artikkelen. Dette var etter 11. september og politivalden etter Gøteborgdemonstrasjonane. Eg skreiv om nokre år med oppbrot frå 80-tallets og det tidlege 90-tallets TINA-hegemoni (Thatchers There Is No Alternative.) Menneske rundt i heile verda byrja formulere motstand med større suksess. Ungdommen vart radikalisert i mange land. Men det støtte au på motstand. Motsetningane hardna til. Mot slutten av artikkelen hadde eg skrive: «La meg streke under: Eg er ikkje paranoid. Eg trur ikkje at fascismen kjem i morgon. Men eg trur det finst godt jordsmonn for tydeleg meir ubehagelege saker enn i dag.»Det har gått fortare enn me kunne ane. I dag er det livsnødvendig å våge sjå, og å dra slutningar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn