Dødeleg singelliv
Frå 1970 til slutten av 1990-talet vart det større skilnader i helse og levealder mellom folk på ulike inntektsnivå i Noreg, sjølv om inntektsskilnadene ikkje auka i den same perioden. Det går fram av ein artikkel overlege Marit A. Rognerud ved Folkehelseinstituttet nyleg har publisert i European Journal of Public Health, i lag med kollega Per-Henrik Zahl. Forskarane har gjennomgått data for alle innbyggjarar som var mellom 45 og 59 år i åra 1970, 1980 og 1990, og sett på samanhengar mellom inntekt, utdanning, sivilstatus og helse/levealder. Resultatet viser at helseskilnadene etter sosioøkonomiske skilje er aukande. Skilnadene i dødelegheit mellom inntektsgruppene auka frå 1980-åra til 1990-åra, og ein ser større skilnader mellom inntektsgrupper enn mellom utdanningsgrupper i 1990-åra. Å vera einsleg og å ha låg utdanning har blitt viktigare helserisikofaktorar dei siste tiåra. Sjølv om helseskilnadene er større mellom inntektsgruppene, kan mykje av dette forklarast av utdanning og det å vera einsleg. Dårleg helse kan også føra til låg inntekt. Aller mest utsette er dei einslege med låg utdanning/låg inntekt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn