Korleis sikre velferden?
Ein kan ha det mykje moro med tal. Ikkje minst med store tal. Høgrefolka i regjeringskvartalet må såleis ha hatt det stormorosamt då dei rekna seg fram til at ei innføring av seks timars arbeidsdag med full lønskompensasjon kjem til å koste oss 50 milliardar kroner. No er det sjølvsagt ingen som tenkjer seg sekstimarsdagen innført over natta. Det SV og LO har teke til orde for er forsøk med sekstimarsdag og 30-timarsveke, for å på denne måten få mest mogeleg kunnskap om korleis ein slik omfattande reform best kan gjennomførast. Slik sett er vel reknestykket frå høgresida fyrst og fremst å sjå på som ein del av den overordna valkampstrategien deira, der bodskapen er at ei regjering frå venstresida vil setje arbeidsplassar og velferden i fare. Ein slik bodskap er det ingen grunn til å la få stå uimotsagt, heller ikkje når den rettar seg mot sekstimarsdagen. For i motsetnad til påstandane frå regjeringspartia, vil ein arbeidstidsreform føre med seg store økonomiske gevinstar. Kortare arbeidstid vil gje monalege reduksjonar i fleire av dei største utgiftspostane på statsbodsjettet. I tillegg vil reformen gje auka inntekter til staten.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent