Günther Anders (1902-1992)
Forrige laurdag var det 60 år sidan amerikanarane sleppte atombomba «Little Boy» over Hiroshima by. Ifylgje den tyske filosofen Günther Anders markerte denne dagen «dag null i ei ny tidsrekning».Knapt nokon vestleg filosof har late denne hendinga få så vidtfemnande konsekvensar for si eiga tenking som Günther Anders. Då ein kjernefysikarven kunne stadfeste at det no var praktisk mogleg å utslette alt liv på jorda ved hjelp av atomvåpen, meinte Anders at mennesket dimed var sett overfor eit fundamentalt nytt eksistensvilkår, som måtte få konsekvensar for all filosofi. I fleire år makta ikkje Anders å skrive om emnet, han har uttalt at både kropp og sjel streika etter Hiroshima-bomba. Men i 1950 kom kapittelet «Om årsaka til vår apokalypse-blindskap», som skulle kome til å utgjere opninga av hans hovudverk «Die Antiquiertheit des Menschen».Anders meinte mennesket no var blitt «inverterte utopistar». Medan utopisten er i stand til å førestelle seg det samfunnet, vi (førebels) ikkje er i stand til å frambringe, er det moderne mennesket i stand til å frambringe samfunn og situasjonar vi slett ikkje maktar å førestelle oss. Dette er ifylgje Anders grunndilemmaet ved vår tidsalder. Anders snakkar om ein vaksande diskrepans mellom «Herstellen» og «Vorstellen», mellom det vi faktisk framsteller, og det vi skjøner og kan sjå for oss av våre eigne opplevingar. Og jo meir avansert teknikken og reiskapen vert, jo større vert denne diskrepansen. Mennesket er slik i ferd med å bli antikvarisk.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent