Borgarleg humanist
I dag er det femti år sidan han døde, essayisten, kritikaren og romanforfattaren Thomas Mann, ein av dei få heltane Tyskland sat att med etter sivilisasjonssamanbrotet. Mann vart fødd i Lübeck i 1875 og vaks opp i ei elevert kjøpmannsslekt. Etter at faren døde avbraut han handelsgymnaset og flytta til München i 1893, der han ei kort tid var student ved universitetet. Best kjend er han for romanen «Buddenbrooks. En families forfall» frå 1901, som han fullførte berre 25 år gamal. Boka er ein saga om ein kjøpmannsfamilie i forfall gjennom fire generasjonar og gjorde dei gode innbyggarane i Lübeck rasande. Ikkje utan grunn såg dei herskande klassene romanen som ei rein utlevering av byens borgarskap. «I 'Budenbrooks' skreiv han ein av dei siste store 'gamaldagse' romanane, ei tolmodig, gjennomarbeida skildring av ein familielagnad,» skreiv Thomas Mann-biografen Henry Hatfield alt i 1962. Hatfield hadde nok rett i 1962, Mann var sett på som ein tradisjonell borgarleg forfattar av dei fleste i si samtid og åra etter han døde. Slik er det ikkje lenger. I dag vert Mann rekna for å vere ein av dei store og nyskapande forfattarane i det 20. hundreåret.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn