Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sanninga om vitskapen

Det er noko uroande i debatten som har gått føre seg i Klassekampen om vitskap og sanning. Nokre av dei som har kome med utseiingar meiner tydelegvis det finst ei overordna vitskapeleg sanning. Dei meiner at om ein i sosiologien tek ope parti for undertrykte grupper vil ein ikkje kunne nå ei slik sanning. Desse påstandane kjem i ei tid da det er heilt klart at sanningsomgrepet, dersom det tyder noko meir enn å spele med opne kort i forskinga si, er like i utakt med røyndomen som det alltid har vore. Ei einaste sanning finst ikkje. Det avgjerande er kva interessar som skal verte innfridde. Dei autoritære liberalistane vil tvinge på oss eit syn om ei objektiv sanning som ligg der framfor oss om vi berre ikkje vel å ta parti. Deira syn er ikkje mindre subjektivt enn noko anna, dei har berre den frekke haldninga at dei trur seg frie for slikt jordisk smuss i si opphøgde omgang med den sosiale røyndomen.