Damer for Duckert

- Eg har inntrykk av at nokre av kandidatane vil bli rektorar for å bekjempe landets utdanningsminister. Då bør dei stille til val til Stortinget, seier Harriet Bjerrum Nielsen. Sjølv støttar ho Fanny Duckert som ny rektor ved Universitetet i Oslo.

Temperaturen er i ferd med å stige i rektorvalkampen ved Universitetet i Oslo, og kandidatane sitt syn på kvalitetsreforma ved universiteta har blitt ei hovudsak. I fredagens Klassekampen sa historieprofessor Gro Hagemann at reformkritikarane var sutrete og nostalgiske, og at ho sjølv difor ville støtte den reformlojale Stein A. Evensen i det føreståande rektorvalet.